Fellesskap og openheit

Bli med i bibelgruppe du óg!

Annankvar tirsdag er det mange elevar som møtes i bibelgrupper heime hos ulike folk frå personalet. Bibelgruppene kan ha ulike tema. For eksempel har vi to grupper som heiter «Bibel og grubling», der ein tenkjer høgt i lag om ulike tema og tekstar. «Bibel og strikking», «Bibel og brettspel», «Bibel og bål» og «Bibel og snacks», er andre grupper som møtes. Fellesskap er eit viktig stikkord for gruppene. Elevar seier det er eit trygt miljø der ein har det kjekt i lag, og i tillegg kan ein snakke opent om tru, og stille dei spørsmåla ein har. For mange er det kanskje godt å kome heim i eit vanleg hus, når ein er eit stykke heimefrå sjølv. Og så er det jo aldri feil med litt god mat.